Jordmora heim til nyfødde

Jordmora heim til nyfødde

Frå måndag 16. januar vil barselkvinner i Haram kommune få tilbod om kontakt med helsestasjonen innan eit døgn etter heimkomst frå barselavdelinga. Prosjekt "JordmorHeim" er eit samarbeid mellom Haram kommune og Kvinneklinikken i Helse Møre og Romsdal HF. Med tilbod om tidleg heimebesøk av jordmor, som har fokus på mor og den nyfødde i dei viktige dagane etter heimkomst, meiner Haram kommune å ha styrka tilbodet til fødekvinner og deira familiar.

 

- Tidleg involvering
- Vi er svært stolte over å ha utviklet eit prosjekt med tidleg involvering for våre barn og familiar, seier prosjektjordmor Bodil Otterlei Fjørtoft i Haram kommune.

Prosjektansvarleg i Kvinneklinikken, fagutviklingsjordmor Elin Hansen Ytterbø, har stor tru på "JordmoraHeim" og håper samhandlingsprosjektet kan vere av interesse for fleire kommunar.

Samhandlingsmidlar frå Helse Midt-Noreg
Tiltakstenesten for barn og unge i Haram kommune og Kvinneklinikken i Helse Møre og Romsdal HF blei i 2011 tildelt samhandlingsmidlar frå Helse Midt-Noreg RHF. Bakgrunnen for tildelinga var prosjektskissa til "JordmorHeim", eit samhandlingsprosjekt som skal ivareta ein trygg heimkomst for barselkvinner og nyfødde.

Kvinneklinikken innførte i 2010 differensiert opphald for barselkvinner. Friske kvinner og nyfødde reiser i dag tidligare heim enn før, og eit trygt mottaksapparat i heimkommunen er viktig. Stortingsmeldinga "En gledelig begivenhet" fastslår at barselkvinner og nyfødde så snart som mogeleg etter heimkomst skal ivaretakast av lokal helsestasjon, og ein skal tilby tverrfagleg oppfølging av helsesøster, jordmor og fastlege etter behov.

Les mer